Be om tilbud fra Hotel Alexandra, Loen

Hotel Alexandra, Loen

Kva med konferanse eller møte i vakre Loen?

Hotel Alexandra har to møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongressareal, og kapasitet til 600 personar i plenum. Møteromma er fleksible og kan lett tilpassast ulik bruk og antal deltakarar. Det fins også mindre grupperom. Hotel Alexandra har 206 rom for overnatting (343 rom inkl. Hotel Loenfjord) i 11 ulike kategoriar.

Hotellet er familiedrive, og kjend for si særegne og personlege atmosfære. Ærverdige tradisjonar har blitt kombinert med moderne hotelldrift og auge for stil og komfort. Etter ein innhaldsrik møtedag innbyr den store bade- og spa-avdelinga til avslapping og velvære for kropp og sjel. Her finn du blant anna innandørs- og utandørs symjebasseng, vannsklie og SPA-avdeling med eit breitt spekter av behandlingar. Maten er også avgjerande for gode møtedagar, så Restaurant Charlotte står parat til frukost, lunsj og middag, og pausematmenyar og festmiddagar kan skreddarsyast.

Loen byr på fantastisk natur med eit spektakulært bakteppe av fjord, fjell og isbrear. Og rett ved hotellet finn du Loen Skylift, som løftar deg til 1011 m.o.h. på kun 5 minutt. Teamet som møter deg i Loen har lang erfaring i å arrangere events og konferansar, og tilbyr ei stor breidde i aktivitetar, underhaldning og utflukter frå fjord til fjell, heile året. Loen Active tilbyr spennande teambuilding-aktivitetar, og ein kombinasjon med lunsj og panoramautsikt i Hoven Restaurant gjer opphaldet komplett.

Lodalsvegen 22, Loen

Antall hotellrom: 206
Maks antall i største møterom (kino): 600
Rom
Restaurant
Bar
Tilgjengelighet
GRATIS parkering

Gratis

Basseng
Spabehandling
Trimrom
Miljøfyrtårn

Møterom

Loensal 1

U-bord: 36 Skoleoppsett: 160 Kino: 200

Loensal 2

U-bord: 24 Skoleoppsett: 65 Kino: 80

Loensal 3

Skoleoppsett: 100 Kino: 144

Loensalen 1+2+3

U-bord: 50 Skoleoppsett: 385 Kino: 600

Nordfjordstova

U-bord: 18 Skoleoppsett: 20 Styrerom: 20

Fjordsal 1

U-bord: 27 Skoleoppsett: 50 Kino: 70

Fjordsal 2

U-bord: 27 Skoleoppsett: 50 Kino: 70

Fjordsal 3

U-bord: 27 Skoleoppsett: 50 Kino: 70

Fjordsal 1+2+3

Skoleoppsett: 180 Kino: 250

Sæten

Styrerom: 22

Sande

Styrerom: 10

Breng

Styrerom: 10

Helset

Styrerom: 14

Hogrenning

Styrerom: 10

Kjenndal

Styrerom: 6

Nesdal

U-bord: 18 Skoleoppsett: 24 Kino: 48

Bødal

Styrerom: 20