Be om tilbud fra Nutheim Gjestgiveri eller finn flere møtelokaler i Flatdal eller andre destinasjoner
Nutheim Gjestgiveri
Nutheim – ein unikt møtestad for leiarsamlingar og strategiske møte
Nutheim er skapt for eksklusive leiarsamlingar, styremøte og mindre møte for 4–20 personar. Her møter fagleg fokus ro, estetikk og inspirasjon.
På Nutheim kan de trekke dykk tilbake frå kvardagen og løfte blikket, både bokstaveleg og mentalt. Dei intime romma, den stille atmosfæra og det personlege vertskapet legg til rette for konsentrasjon, kvalitet og nærvær.
Staden er ein gammal skyss-stasjon frå 1877, rikt på norsk kunsthistorie og med ei heilt eiga sjel. Nutheim var ein sentral møtestad for kunstnarar på 1900-talet, og i dag sit kunsten bokstaveleg talt i veggane. Med 20 rom fordelt på sju bygningar får de ei eksklusiv og heimleg ramme rundt opphaldet.
Hovudbygningen er eit gammalt trehotell og eit galleri i seg sjølv. Det er her de samlast til måltid, samtalar og avslapping – og let dykk inspirere av omgjevnadane. Møterommet ligg i den restaurerte låven på tunet og har moderne møteromsutstyr og stor takhøgde. I kjellaren finn de ei lita spaavdeling for avkopling etter ein lang møtedag.
Med eit vertskap gjennom 4 generasjonar strekker vi oss langt for at gjestene våre skal blir nøgde. Me serverer god, heimelaga mat basert på kvalitet og tradisjon. I vinterhalvåret held me kun ope for grupper, noko som oftast betyr at de får heile staden for dykk sjølve – perfekt for møte der diskresjon og fokus er viktig.
Flatdalsvegen 937, Flatdal
| Antall hotellrom: | 20 |
|---|---|
| Maks antall i største møterom (kino): | 20 |
Gratis
Møterom
Låven
U-bord: 18 Skoleoppsett: 20 Styrerom: 16 Kino: 40
Undervisingsatelieret
Skoleoppsett: 10 Styrerom: 10




